Retningslinjer for erverv av grunn og rettar

Publisert . Sist endret . i kategorien Utbygging- og reguleringsplanarbeid

Kommunen har i ulike samanhengar trong for erverv av grunn, eller rettar til bruk av grunn, for å gjennomføre utviklingsprosjekt i kommunen. Kommunen skal inngå avtale før tiltak vert sett i verk. Kommunen har som hovudregel at erverv/inngåing av avtale skal skje etter friviljug avtale med grunneigar. I særleg viktige område kan det likevel bli nødvendig med tvungen innløysing av areal. Desse retningslinene skal gjera det enklare å kome til friviljuge avtalar, og det skal løna seg for grunneigarane å inngå slike avtaler i høve til ekspropriasjon.

Ved inngåing av friviljug avtale reiser det seg likevel ein del spørsmål. Retningslinene dannar grunnlag for vurderingar som bør ligge til grunn for slik avtale.
Retningslinene gjeld ikkje der andre avtalar eller vedtak set kriterium for avsetting og opparbeiding av areal til veg, løyper, anlegg og andre felles formål, til dømes utbyggingsavtalar.

Les retningslinjene og vedtak i kommunestyret under her:

Tags: nye nettsider